Arkiver side 2

Offisiell orsaking

Eg ber om orsaking til min kollega, raddismålvakten Martin. Eg ber om orsaking for å vere ein som ikkje får nynorsk ut til folket, men stengjer meg inne i ei lita boble på veven og skriver so uforståeleg landsmål at desse “sossane” frå Oslo seier “Å det forstår vi ikke. Drittspråk”. So no vil eg informere om dette i underoverskrifti: “Vevloggen er på forvarande landsmål”

Kva skiljer oss frå dyra

  • Instinkt(!?)
    • Primærbehov
  • Ideell tenking
    • Kva som er best (for meg). Egosentrisk tenking
  • Rasjonell tenking
    • Kva bør gjerast for at “reknestykkjet” lettast skal gå opp
  • Logisk tenking
    • 2+2=4

    Kva med materiell tenking

Fire teser i boka om liv. Om kva som driv oss. Kva som gjer at me gjer det me gjer

Kollektivtransport

Det er mykje me kan gjere for å stogga, eller hindra ekspesjonell vekst av den global oppvarminga, som eg nevnte i det førre loggbidraget. Kollektivtransport. Framandord innlemma i Kolumbus sitt herlege og vel humoristiske ordspel som byggjer på Kollektivtransport og buss, og ikkje minst det at Colombus fór over atlanteren mot India. Me skal til Tau takk! Kanskje tenkjer me for mykje statleg eller avansert når kollektivtransport nevnast!? Me må tenkje meir enkelt. Me må tenkje som dette til dømes: «Kva med 5 stykkjer i ein bil, som skal til same plass, i staden for 5 bilar med ein i kvar bil?». Jo visst, det kan verta usemje om korleis ein skal gjera det når 15 ungar skal hentast i barnehage og på skular, men det kunne allikevel vore ei grei løysing. Kva med å snakke med nokon du kjenner som arbeider på same staden som deg, og spørje, «Skal me køyre saman?» Det er samferdsel på høgt plan.

Tog. Eg er glad i togtrafikk. Eg er glad i jernbaneverket, mindre glad i dei folkevalte som nektar å løyve pengar til utbyggjing av jernbanenettet vårt. Glad i radikalaren Hallgeir Langeland. Han vil byggje lyntog. Tog. På elektrisitet. Rektignok elektrisitet som sikkert kjem frå Tyskland. Framstilt ved forureinande kol eller olje. Allikevel. Tog. Det er og blir kollektivt, sosialt, sosialdemokratisk, solidarisk, tidsparande, og sist men ikkje minst, miljøsparande. Lyntog, lokaltog, undergrunn, eg som togførar; pass dykk!

Hei hei hei!

Hei på deg.

Dette er skrive av Martin. På Jon Torger sin blogg. :-)

Matte/Matematikk

Kvifor sit eg her? Eg fylgjer jo ikkje med ein gong, det seier altså litt at eg sit her, midt i timen, skriv på ein meiningslaus blogg. Det seier litt om min evne til å ta meg sjølv i nakkeskinnet og jobbe til svetten renn. Eg er ikkje ein ivrig kar med klare målsetninger. Eg tek det som det kjem. Eg satsar på å få meg ein grei jobb. Leve. Fritt. I harmoni med meg sjølve og mine omgjevnadar!

La oss be!

“Veien til førerkortet”

“Veien til førerkortet”. Eg ville sagt “Vegen åt køyreløyve”. Det er dette eg hev vore borti dei siste vekene. Eg hev, kan kanskje seie mor og far hev, betalt i dyre dommar for at eg skal gjennomføre tiltaket styresmaktene hev gjort for å få ned antal trafikkulukker på norske veger. Det sosialdemokratiske kongeriket Noreg, tufta i vest på trua på Jesus, “basert” i aust på aksjer i Aker-Kværner og med moldensiske aksjonerar, skal no verta ein føregangsnasjon både med henhald til trafikken og i samanheng med skule og utdanning/opplæring. Opplæring/utdanning på ein køyreskule, masing på mor og far, som allereie hev betalt i dyre domar for at du skal kunne gjennomføre tiltaket eg skreiv om ovanføre, om at dei skal øvingskøyre med deg. Du skal hava enno meir køyretimar på ein privateigd trafikkskule med Colaautomat i gongjen (nesten som i ein pinsemenigheit), som selfølgeleg skapar enno fleire rekningar åt mor og far. Far blir sint. Rykkar litt i rattet, og kallar deg ein hensynslaus tulling utan forståing av trafikkens tankar og kjensler. Kjenslene dine vert avspora og du tenker deg ei framtid som bussjåfør, berre for å bevisa at du slett ikkje er uven med trafikken. Men vegen mot køyreløyve stoggar ikkje med kjensler. Den kjem forbi miljøpartiet dei grøne, med eit partiprogram som er so grønt at det avgjer grønske. Dei seier at bilar, og alle motoriserte køyretøy, som ikkje er kollektive, forårsakar at jordi vår vert sjukare og sjukare, får høgare feber, og kjem til å drepe seg sjølv, og oss med, om ein liten periode dersom me ikkje tek oss sjølve i skinnet. Når ein då altså fer på vegen åt køyreløyve, so må ein tenkje. Godt og nøye. Er det pengar som er motivasjonen til at samfunnet er so strenge på dette med kven som kan køyre og ikkje? Det at dei, statens vegvesen, og ikkje minst samferdselsminister Liv Signe Navarsete frå sogn og hennar departement får fleire gryn og rutte med? Det å suge formueskatt og so skatt frå køyreskulane som gjer jobben staten har pålagt dei å gjere? Det er tannhjul. Som gjeng. Tenk. Når du fer på vegen åt køyreløyve. Tenk på at du kanskje kunne vore ein liten febernedsetjande tablett som vert gjeven til vår moder, vår jord, slik at den globale oppvarminga stoggar opp eit lite millisekund, før den fer vidare mot kommunistiske Kina, og storkapitalistiske liberalistdemokratiske semipresidentialistiske føderasjonsstaten USA! Ver du ein som støttar kollektivtransport. Ver du ikkje som meg. Som fer i 120 km/h mot køyreløyve, og som ein dag drøymar om å verta sin eigen herre i 210 km/h. Med tog. Med elektrisitet. Frå Tyskland. Frå kol. Frå moder jord.

Tyskprøve og smash

Ich heisse Jon Torger. Ich habe eine Homepage.

Det er ikkje so varmt på kjøkkenet. Katten søv. Far ser CSI. Frå statane… Ja kor elles. Dei statane. Der mord er vanleg, og politikken, som Martin seier, er so langt til høgre at det er rett fyrr den hamnar i gryfti! Still got the blues? Kanskje. Det er tyskprøve i morgon. Katten søv. Eg skulle ynskje at eg var den katten. Eit spannande men umotivert liv beståande av umoralsk nyting, soving og eting. Kven vil ikkje ende opp som ein katt i sitt neste liv. Å heite Kitty, Miss Sophie eller Pus, få nedsatt logisk sans, og liggje på magen heile dagen. Å stole på seg sjølve, å vere sin eigen herre. Kva var vel livet utan kvardagar med rykkingar i den utkvilte feite foten som ler kvar gong du seier MØX, eit meiningslaust ekspresjonistisk ord frå tidligere tider? Kvil i fred og ten Herren med glede. Spel orgel og sitt medan foten kvilar i kyrkja og presten ropar på den bortkomne sauen. Eidsvåg, Bjørn, kom attende! Kjem du ikkje heim snart? Er du der på bakerste benk? Indremisjonsforbundet. Pinsebevegelsen / Pinserørsla. Er det ei lokkjande mesmerisk trusretning med monopol på spiritus, Guds ufarlege sprit, DHÅ, den heilage ande, med ristingar og høge Halleluja-rop, med stor h. Eg dukkar. For presten, hyrden. I vatnet. I kyrkja. Med kvite klede. Eg har skrive under på ei symbolsk avtale med vår fader, i pinsen sitt namn, med rørsla for verda.

Din for alltid,

Jon Torger (med trykk på H’en)

Personskildring

Eit læringsoppdrag. Skrive ei side.

Han skjulte noe. Det var en tung dyster skygge som slo mot meg da jeg så hans åsyn. Jeg visste ikke noe om denne sjelen, men allikevel var det som om jeg kunne skrevet en bok om fyren. Han koste seg, en angstfull følelse der han satt å sippet til ølen. Han så seg mye omkring. Løftet blikket sitt rundt i rommet, speidet etter noe. Den grønne utslitte jakken hans reflekterte et liv som ikke hadde bestått av tennistimer og manikyr. Det grimme arret i fjeset fremsto som noe ødeleggende og djevelsk. Den nydelige ringen på tommelen var som grodd inn i kroppen, det var noe velstående som skjulte seg bak det obskure ytre. Kanskje var han narkotikahandler, en rik lovbryter med liten samvittighet. Eller var han kanskje en velstående mann som hadde havnet på kanten av livet i denne noen ganger så fryktelige verden. Da han trodde at ingen så, tok han hånden ned i bukselommen, han fiklet etter noe, og omsider kom hånden opp igjen med noe hvitt i. Han tok hånden opp til sin skjeve nese og sniffet inn. Da var det sant. En narkoman. En tittel rusavhengige får, som en permanent tatovering som sier at vedkommende ikke tilhører samfunnet. Et merke som beviser individets farlige og ekle sjel. Han satt nå her, på en småfin kafé midt i sentrum. Han gjemte mye i sitt noe avskyelige blikk, det var sorg, redsel, lyst og vrede. Mannen hadde nok grunn til å være redd, det var ikke overklassen som satt noen bord bortenfor meg. Jeg tviler på at det var pengene det sto om, kanskje stod det om avskyen ovenfor det moderne kalde samfunnet, som prøver å overbevise alle om at de ikke er noe, at de må følge janteloven. Han orket kanskje ikke mer av dette samfunnet, han meldte seg ut av klubben alle ”normale” mennesker er med i. Han ble sin egen konge. Jeg så at blikket hans uttrykte noe som lignet på tilfredshet. Han måtte ikke tilpasse seg noe, han var sin egen konge. Konge over verden, det var ingen lov som kunne felle ham. Han reiste seg rett opp, det var skrekkinngytende. Han fikk gå fritt, forstyrre, og irritere. Loven ville ikke bli venn med ham. Han eide loven.

Lukke

Lukke?

Frå det norrøne ordet lukka. Eit heilnorsk arveord!

Kva er det? Er det grillfest med Barbeque i det varme California, kor ein tysk-austeriker med tvilsam muskuløs fortid hev festa seg med kvasi-facistisk ytre? Er det å vere 18 år med ei pils i handa og ei blodrein skreppe med kvalitetsrypelege evner som kyssar den små-skabbete munnen din medan du tenkjar på tilværet som bunden hingst i Oppland sine mjuke myrskogar, der det å leggje seg for å sove er den beste og mest spanande stunda du hev? Kven melder seg vel ikkje ufriviljug inn i den flotte, men djupt vonbrotne klubben me kallar samfunnet? Kven kan vel unngå å tilpassa sin sjel og emosjonelle apparat inn i den rabiesbesmitta sfæren, forutan dei som endar på ein benk på ruten eller på eit hjørne i Karl Johans gate med stønad og suppeløyve frå religiøse bistandsorganisasjonar? Eg kan surre meg inn i ei lita depressiv hole, med svoltne kinesarar som reisar til Nairobi for å bli president, eller eg kan gå på kompromiss med mine draumar og gjere meg liten for så å bli ein fullverdeg norsk jantelovsfyljar og trygdehatar! For kva er vel lykke dersom det ikkje er å tilpasse sin eigen sjel og ånd og psyke i ei verd med kjekke og vonde ting og derfor oppleve kjærleik på alle måtar, slik dei vil hava oss til å tru? Dei!? Oss!? Det er vel det same! Pass berre på at du ikkje gjer eit vonbrot mot dine draumar!

Eg vaknar med austlandsk radio på nynorsk!

Kvifor vakne til nynorsk? Når ein kan vakne til ein ridikkuløs høg irriterande lyd som spyr seg fram millom dei ferske heliumatoma, nyleg lufta, frå ei varm hole! Kvifor vakne i Moskva, med mafia i nasa, når ein kan kose seg med Pol Pot i herlege Kambodsja?

« Førre side