No som Jon Torger er so slakk i tenesta med å halde sin høgnorske vevlogg uppdatert, skal eg gi eit lite bidrag frå eit innlegg eg, Martin, skreiv i ein Sol-debatt um temaet plastpåsar!
Eg er so einig! Dette er eit spesielt fenomen som uppstend når ein hev si hjerne fokusert på å finje fram denne plastbeten, som held dine elektroniske pengjar, og ein av di ikkje hev si hjerne fokusert på å segja at, “nei takk, eg treng ikkje påse” medan mannen eller kvinni i butikken slær inn vara på desse elektroniske kraftkarane av nokre sers intrikate, nyuppfunne på sjutitalet og vanskeleg utforma reknemaskinane som hjelp til i handsaminga med uppgåvene ein krambuseljar hev med infraraudt lys forma sum ei laserstråle sum les nokre strekar forma på ei kvit flate slik at dei gir meining for desse elektroniske kraftkarane av nokre sers intrikate, nyuppfunne på sjutitalet og vanskeleg utforma reknemaskinane, og ein av di ikkje får summa seg fyr vara eller varene um du har vore på storhandel brått har funne sin stad uppi ein miljøureinande påse av typen plastikk, og du står der igjen, fortvila yver at denne plastikkpåsa alt er blitt teken i bruk, og av di ureinar omgjevnadane, og at plastpåsa allereie diverre hev husa mi vare, og difor ikkje kan nyttast av ein annan kresen konsumar sum ikkje vil hava ein påse som allereie har vorte nytta, og der står du med ein påse med varer og ein påse med nyvunne dårleg samvit, og det var alt eg hadde å seie fyr denne gong, og då igjenstend berre å seie det uungjengelige, det evigvarande og takksame sitatet som blir nytta som ei avslutning etter ei apell der appellanten ikkje har tenkt å sei noko meir, so hald deg fast, for no kjem det. Takk for meg.
0 Svar to “Hei hei hei hei hei!”