Eg stend på ei klippe um sumaren

Eg lengtar til den vene sumaren, med sine fagre møyar. Eg hev menneskjelege tankar om kven av jentone som er fagrast. Mine driftor dreg meg mot deira vene augo, og eg tenkjer ut ein høveleg kommentar. Den slær sjølvsagt feil, men eg gjer meg ikkje. Som vanleg.

Vatnet er varmt, eg hopp uti. Fossekallen kved på sitt gledelege vis, vatnet byggjer seg opp rundt han. Det er sumar på sitt beste. Borti der langs med elvi stend ein kamerat, han har nett fenge lappen, me res rundt og plystrar på dei fleste jentone me ser. Kven kan vita kva som skjuler seg bakum neste sving?

1 Tilbakemelding to “Eg stend på ei klippe um sumaren”



Legg att eit svar