Kollektivtransport

Det er mykje me kan gjere for å stogga, eller hindra ekspesjonell vekst av den global oppvarminga, som eg nevnte i det førre loggbidraget. Kollektivtransport. Framandord innlemma i Kolumbus sitt herlege og vel humoristiske ordspel som byggjer på Kollektivtransport og buss, og ikkje minst det at Colombus fór over atlanteren mot India. Me skal til Tau takk! Kanskje tenkjer me for mykje statleg eller avansert når kollektivtransport nevnast!? Me må tenkje meir enkelt. Me må tenkje som dette til dømes: «Kva med 5 stykkjer i ein bil, som skal til same plass, i staden for 5 bilar med ein i kvar bil?». Jo visst, det kan verta usemje om korleis ein skal gjera det når 15 ungar skal hentast i barnehage og på skular, men det kunne allikevel vore ei grei løysing. Kva med å snakke med nokon du kjenner som arbeider på same staden som deg, og spørje, «Skal me køyre saman?» Det er samferdsel på høgt plan.

Tog. Eg er glad i togtrafikk. Eg er glad i jernbaneverket, mindre glad i dei folkevalte som nektar å løyve pengar til utbyggjing av jernbanenettet vårt. Glad i radikalaren Hallgeir Langeland. Han vil byggje lyntog. Tog. På elektrisitet. Rektignok elektrisitet som sikkert kjem frå Tyskland. Framstilt ved forureinande kol eller olje. Allikevel. Tog. Det er og blir kollektivt, sosialt, sosialdemokratisk, solidarisk, tidsparande, og sist men ikkje minst, miljøsparande. Lyntog, lokaltog, undergrunn, eg som togførar; pass dykk!

4 Svar to “Kollektivtransport”


  1. 3 mhaug februar 6, 2008 ved 8:16 am

    Eg skal køyre den nye bybanen. Sånn er det.

  2. 4 jontorger februar 6, 2008 ved 10:19 pm

    Mhaug. Gje deg. Du stel jobbane mine:P Stogg med det;)


Legg att eit svar