Kva er demokrati? Kor finn me denne idylliske samfunnsforma, kor finn me den likeverdsbaserte røynda med tanke- og ytringsfridom? Me kan gå nokre tusund år attende til då den greske statsmannen og poeten Solon ville gje demos, folket fleire privilegiar, men allikevel avgrensa deira fridom noko so at dei ikkje ville ty til vold. Etter mangfaldige århundrer med blåblodege praktkarar (og nokre kvinner) med imponerande slektstre, nokre av deim med krigersk legning, hadde den halvstore borgarklassa fått nok og styrta dei sittande einevoldsherskarane i deira og arbeidarklassas namn. Det var stemmerett og folkevalde institusjonar som stod på den politiske agenda, på den andre sida, med personlege trekk, tanke- og ytringsfridom, religionsfridom. I opplysningstida som vokste fram på 1700-talet gjorde borgarklassa eit kritisk opprør mot sittande einevoldsmonarkar og hierarkiske aristokratiske innordningar. Nokre monarkar lystra og vert kalla opplyste monarkar. Dei ga løfte om å oppretta folkevalde institusjonar med val og stemmerett. Demokratiet i vår tidreknings Europa (og Amerika) blei som ein kattunge født, men kunne ikkje sjå ljoset heilt enno. Stemmeretten var sjølvsagt avgrensa til dei i det høgare sosiale laget, og konge og aristokrati kunne framleis få bukt med nyleg framvaksne myndegheiter med borgarvalde medlemmar. Ein såg nok ein gong at mannen i gata tilhøyrande arbeidarklassa vert etterlaten i rennesteinen, sjølv om papira sa at han/ho var lik dei andre. Det franske demokratiet etter styrtinga av den høgtidelege (som franskmenn flest) familieelskaren Ludvig XVI og hans kone Marie Antoinette frå Austerrike med sitt verdskjende utsagn om at det sømer seg å ete kake når det ikkje fins brød og oppdriva, var vaklande, ein kunne bare våge seg å ha lyseblått blod i årene: då venta giljotinen. Det enda altså ikkje med fridom, likskap og brorskap, heller eit terrorvelde med valdskåte maktsjuke revolusjonsutøvarar med nag til det etablerte. Demokratiet i USA, etter ein sjølvsagt blodig fridomskamp mot Britannia og hennar tradisjonstru vakthundar på alle verdshjørner, fekk sjå at likskap ikkje gjaldt alle, det var tilrettelagt dei kvite og velståande, ein svart fekk til og med ikkje likskapen sin då Lincoln så frimodig og rank sa nei til slaveri, det måtte eit hundreår og meir enn det til før dette skulle falla på plass.
Det viste seg, i demokratiets tidlege start, at det egna seg ikkje for eit lågareståande individ født inn i tronge kår å vere bror i likskap og han skulle helst halda seg for seg sjølv, med sine eigne. Eit byråkratisk samfunn med maktelite i førarsetet gjeld ikkje alle, det gjeld berre eit utvald politisk meiningsdiktatur– kanskje òg despotisk meiningspåtvinging– som utelukker di deltaking, som bare gjer deg ein stemmeseddel med forhåndstrykka alternativ. Det byråkratiske system har vorte vår måte å ordna eit elles so kaotisk og talrikt samfunn.
Kva er so den optimale og høgast oppnåelege forma for demokrati? Er det anarki, eit fråvær av styresmakter og herskarar der folk tek vare på seg sjølve og lev i saman med andre rundt seg og løyser konfliktar utan statleg innblanding? Demokratiet me ser i den vestlege verda i dag støtter tanke- og ytringsfridomen, ialle fall på papiret, gir lovnad om lik handsaming av alle uansett bakgrunn og klasse; alle skal vere like under lova. Me har altså ei lovfesta rett til å ytra oss og leva i eit fritt land. Dette har nærast vorte ein utopisk samfunnsmodell, og då tenkjer eg mest på statane, der ein skremselspropaganda som nærast liknar despoti har teke overhand. Despoti førekjem når ein baserer styresettet på frykt. Det vert forkynna um ei skremjande rørsle som berre vil øydeleggja alt “det beste landet i verda” stend for: altså dei fundamentalistiske “langtvekkistanarane” med langt skjegg og hovudplagg og gevær i handa. Trugnaden kjem utanfrå og i kampen mot det som var ei grusom handling 11. september 01 gjer det ikkje noko å taka livet av nokre titals tusund, det er greit so lenge ein får bukt med terrorisme (og tener milliardar på våpenindustri og olje). Demokratiet er altså truga av ein viss Bush som meiner at einaste løysing er å ta til våpen, og den einaste måten å få til dette på er å velgje honom. Det er ein vond sirkel som dannas når despotiet kjem. Når val blir tekne av frykt og ikkje av humanistiske og etiske årsakar.
Ei anna skammeleg sak er påtvinginga av vårt vestlege demokrati på folk og folkegrupper som slettes ikkje er vande med å ordne ting i vårt hierarkiske likskapelege byråkrati-styreform der politiske parti sit med makta. Heilt frå europearane herja og inntok afrikanske land hev dei (me) prøvd å innføra “siviliserte” styringsformer; det nytta(r) ikkje alltid. Det vert ogso prøvd å dela opp område i statar med inndelinga og klargjeringa av forskjellig folkegrupper som kanskje aldri tidlegare hev vore i usemje. Når kanskje ei folkegruppe vert sett som den styrande minoriteten gjeng det gale (folkemordet i Rwanda). Ved innføringa av eit kunstig byråkratisk demokrati vert ofte korrupsjon og innføring av militærdiktatur eller eittpartistatar faktum. Døme er R. Mugabe og Idi Amin. Stammar med kanskje tusundårige tradisjonar for styring og levesett vert tråkka på, delt opp ved kunstige landegrenser og vert påtvinga falske nasjonalkjensler av eit vestlig maktsjukt demokrati.
Demokrati er altså ikkje etter mi meining ei optimalt samfunnsordning. Me må sjå nøye på saka når me prøvar å innføre ei kanskje kunstig form for revolusjonær demokratisk omveltning. Det må òg passast på at ei etablert (kapitialist)demokratisk statsform ikkje vert omgjort til despotisk fryktbasert diktatur i krisetider, dialog må veljast. So kan ein jo òg spørja seg um det eigentleg var Al-Qaida (som faktisk under den afghansk-sovjetiske krig vart støtta av blant andre USA) som hadde alt med dette 11. september-angrepet å gjere eller om det berre var amerikansk skalkeskjul for å få oppslutning rundt ei invasjon av eit oljerikt, men dog ufritt land i midtausten. Ein må passe seg for terroren, den kan visa seg i eit veletablert samfunn som vert for opptekne av å kjempa mot han.
Demokratiet betyr folkestyre. Demokratiet må passast på, i demokratiske land må det førast ein tett dialog millom stat og borgar- og arbeidarklassa, slik at alle kan leva i felleskapet som, etter mi meining, visast best i eit prinsippfast sosialdemokratisk land med fokus på felleskapet og med tiltakslyst til å forandra landet til det betre, både samfunnsmessig og miljømessig
- Jon Torger E. F. R. G. H. Salte (30. mai 08)